Av Magne Dvergsdal
Magne Dvergsdal er en flittig aviskommentator på Vestlandet med mange klimainnlegg over lang tid i flere lokale og regionale aviser. og vi gjengir i dag ett av hans mange avisinnlegg som var å se flere steder for litt over en uke siden. Dette innslaget er også en oppfordring til leserne om å sende oss klimarelatert stoff.
Framleis snør det i fjella
No er det ei veke att til sola snur, men framleis snør det i fjella på Jølster. I dag tidleg låg det nysnø ned på 3-400 meter. Bildet er fra et skisenter på Folgefonna nå i juni.
For dei som opptekne av klima og redde for at kloden skal koke, må det vere grunn til å heise flagg dersom det held fram med snøbyer fram til jonsok. Det må vere eit godt signal å sjå nysnø i fjella på høgste sommaren. Kanskje slepp vi å streve for å nå 2-gradersmålet? Men kva tid skal bøndene kunne sleppe husdyra til fjells? Treng vi eit nytt klimaforlik på Stortinget der ein legg opp til at klima ikkje må bli så kaldt at bøndene på Vestlandet ikkje kan drive jordbruk? Har dei politiske partia med sin klimapolitikk teke litt for mykje Mølles tran? Typisk, så går det ut over oss på Vestlandet!
Kloden koker,
meiner Rasmus Hansson i Miljøpartiet De Grønne. Etter snart 19 år utan stiging av gjennomsnittstemperaturen på Jorda, men med snart 40 % meir utslepp av CO2 frå olje, kol og gass, er det vanskeleg å sjå for seg at vi menneske har så stor innverknad på klima. Det som skjer med klima her på Vestlandet i år, liknar svært på det som gjekk føre seg i den vesle istida. Å føre ein såkalla grøn politikk der det viktigaste er å få ned konsentrasjonen av CO2, er ein politikk for grønskollingar. CO2 er den viktigaste gassen for at vi menneske kan leve i denne verda. I istider går konsentrasjonen ned til under det halve av dagens nivå på 380 ppm. Då kan eg seie deg, Rasmus Hansson, at under slike forhold vil det vere vanskeleg å få politisk gjennomslag for å redusere utslepp av CO2!
Direkte uintelligent
Litt kunnskap om klima treng ein både i Venstre, MDG og SV. Dersom det er slik at det er vi menneske som med våre utslepp av CO2 som påverkar klimaet, så må vi kunne finne att store mengder CO2 i atmosfæren som stammer frå olje, kol eller gass. Men det vi finn er omlag 4%. Altså er det 15 ppm av 380 ppm som kjem frå «klimautslepp». Grunnen til at vi kan seie dette som sikkert, er at olje,kol og gass manglar ein isotop som vert halvvert etter vel 5730 år. Å tru at kloden skal koke om vi tilfører 15ppm CO2 er direkte uintelligent. Plantar og algar ser ikkje forskjell på CO2, om det kjem frå havet eller frå gass.
Faktafeil frå Jansen
Våre utslepp blir heller ikkje lagra i atmosfæren i tusen år slik Eystein Jansen hevda på Debatt for kort tid sidan. (Edit: Se figuren for forskning på levetid for CO2). 4 % er alt vi har lagra etter mange år med klimautslepp. Våre utslepp er vel omlag 1,5 % årleg av all CO2 i atmosfæren.
Derfor verkar vår klimapolitikk som rein symbolpolitikk. Vi kan ikkje påverke klimaet om det vert varmare eller kaldare. Men klimaforliket syner at vi har utruleg mange dumme politikarar. Dei høyrer på forskarar som hevdar at når temperaturen går opp, så skuldast det CO2. Når temperaturen- kurvene flatar ut eller går ned så skuldast det naturlege svingingar og er framleis bevis for menneskeskapte klimaendringar.
Du treffer spiker’n på hodet. Når jeg konfronterte Rasmus Hansson med siste jukset fra FNs klimapanel ifm temperatur målinger, svarte han noe sånt som at «det skiter jeg i – jeg har allerede bestemt meg». Grønnskolling? Ja, men han vet at det er penger i det for han, og rampelys selvsagt.