Kommunale miljø- eller klimaplanar?

Miljødepartementet har pålagt kommunane å laga klima- og energiplanar. Det verkar fornuftig å laga energiplanar baserte på Enøk og energisparing. Med god planlegging er det mykje å spara både på energi og kostnader. Men kvifor er ikkje Miljødepartementet interessert i miljøplanar for kommunane? Fokuseringa på klima fører til tiltak som skader miljøet, men kanskje endå verre er det at fokuset på miljøarbeidet blir borte.

Saka er nok at politikarane ikkje ser nokon skilnad på miljø og klima. Det er uheldig at miljø og klima blir forveksla. Politikarane er hekta på den innbilte klimakrisa som dei er pådytta av FNs klimapanel, IPCC, der påstanden er at utslepp av CO2 gir sterkare drivhuseffekt og global oppvarming. Denne påstanden er ikkje i samsvar med fakta. Det er fysisk umuleg at utslepp av CO2 kan føre til klimakrise.

Dei som vil stanse utsleppa av CO2, har ikkje forstått at i middel har det vore sju gonger så mykje CO2 (2660 ppm) i atmosfæren som det er no, og at CO2 er sjølve livsgassen på jorda som får alt til å vekse og gro. I fotosyntesen blir det produsert karbohydrat og oksygen av CO2 og vatn med hjelp av solstrålar. Denne prosessen er grunnlaget for alt liv på jorda. Det blir aldri for mykje CO2 i lufta. I vår tid er underskotet på CO2 i atmosfæren så stort at gartnaren pøser på med opp til det firedobbelte i veksthusa for å få gode avlingar. Og kampen mot ei innbilt klimakrise fører til store skadar på vegetasjon og miljø.

Den andre påstanden frå IPCC er at oppvarming av jorda fører til katastrofar som uver, issmelting, havstigning, flaum og tørke, sjukdom, pest og krig, ein påstand som er snudd på hovudet. Ei temperaturstigning på 2 grader C er det beste som kunne hende jorda vår, vegetasjonen og alle matvekster, folk og dyr, og klimaet fordi det blir meir fordamping og nedbør, mindre tørke og ørkenspreiing, mindre temperaturskilnader i atmosfæren og dermed mindre kraftige stormar og uver.

Klimaet, verlaget eller berre veret har menneska vore nøydde til å ta som det kom til alle tider. Der er det naturlovene – les naturkreftene – som styrer, og dei er så sterke at alt som menneskekrypet prøver å stelle til, blir berre som å skvette vatn på gåsa. Det er fånyttes å prøve å stanse vinden, eller bølgjene frå ein tsunami. Det har til og med vore til trøyst for mange, for skulle menneska ha bestemt veret, hadde det ført med seg mykje strid. Folk er nemleg ofte usamde om kva som er godt ver.

Miljøet, og særleg nærmiljøet, kan me gjera mykje for å ta vare på. Det er stor semje om å verne miljøet, og helst gjera det likare. Me kan gjera uendeleg mange ting for å få eit betre miljø, t.d. plante ein hekk for å verne hus og hage mot sterk vind. Og me kan verja landskapet mot erosjon frå stormar og flaumar med å ta vare på skog og plantedekke. Miljøet er alle samde om å ta vare på. Miljødebatten går derfor mest ut på kva for tiltak som kan gje oss eit likare miljø.

Det skulle vera god bruk for miljøplanar i kommunane. Renovasjon og miljøstasjonar er alt no viktige oppgåver for kommunane. På skulen lærer ungdommen å halde naturen rein og ta vare på miljøet. Like nødvendig er det at det blir slutt på å skremme elevane med klimakatastrofar. Klimaet er veret i ein 30 års periode eller meir. Klimaendringar er alltid naturlege. Dei skjer aldri plutseleg, men går i lange bølgjer.

Det følgjer utruleg mykje søppel og avfall med ”bruk og kast samfunnet” som me har etablert. Det er berre yrkessjåførar som har bruk for å skifte til ny bil kvart tredje år. Med den standarden me har i dag, er det eit enormt sløseri med det veldige forbruket me har lagt oss til. Folk har gløymt kor viktig det er å spara på nødvendige resursar, frå energi av alle slag til matjord og reint vatn. Når vaksne folk oppfører seg som miljøsvin og er dårlege eksempel for eigne og andres ungar, fører det til store problem for samfunnet. Her er det nok å ta tak i for kommunale miljøplanar. Det er unødvendig med innbilte klimakriser for å laga kommunale planar.

Eitt av fleire bevis for at klimakrisa er innbilt, kan vera denne forklaringa:

Dei som kan litt om naturen veit at det er 50 gonger så mykje CO2 i vatn som i luft. Ved oppvarming kan lufta ta opp litt meir CO2 som havet må gi frå seg. Om dagen og sommaren og i tropiske strøk gir havet frå seg CO2. Om natta og vinteren og i polare strøk tek havet opp CO2. I middel går 500 milliardar tonn CO2 fram og attende per år for at gassbalansen skal vera i orden. Våre utslepp frå fossilt brensel på 25 mrd. tonn er 5 % av desse overføringane, pluss like mykje eller meir som utslepp frå vulkanane. Men all overflødig CO2 i lufta blir med i dette dragsuget! Og i havet blir CO2 først oppløyst i vatnet, deretter til HCO3- oppløyst i vatn før det blir avleira som karbonat, t.d. kalkstein på havbotnen.

Dette vitskaplege beviset er berre eitt av fleire for at det er fysisk umuleg at utslepp av CO2 kan føre til klimakrise. Og forstår ein først litt av denne samanhengen, forstår ein også at IPCC tek feil. Sjå meir på www.klimarealistene.com.

Per Engene, biolog og stiftar av organisasjonen Klimarealistene