Klimaet eller miljøet.

Like før kommunevalet i 2007 gjekk Kristin Halvorsen sterkt ut i Dagbladet og sa seg villig til klimadebatt med kven som helst. Som ein slik ”kven som helst” melde eg frå til Finansdepartementet at eg var klar til debatt. Statsråden kunne gjerne ta med kven ho ville, og ho kunne bestemme både tid og forum for debatten. Eg fekk ikkje svar. Etter ei tid fekk eg kontakt med Marit Faugli i departementet, og svaret var nei. Statsråden var på valkamp i Bø like etterpå, men ville ikkje ein gong møte meg for å avtale eit opplegg, fortalde Faugli.

Kvifor går Kristin Halvorsen ut i avisene og oppfordrar til klimadebatt når ho likevel ikkje er villig til det? Er det bløff, eller er det berre retorikk? No er ny valkamp på gang. Kristin Halvorsen seier at SV vil ta vare på miljøet! Men kven vil ikkje det? Alle vil vel gjera alt som gjerast kan for å ta vare på miljøet? Men Kristin Halvorsen vil altså ta vare på miljøet med å reinse utsleppa frå gasskraftverka for CO2!

Statsråden vil altså ha det til at sjølve livsgassen CO2 er skadeleg for miljøet. Kanskje giftig til og med? CO2 som saman med vatn er byggjesteinane i fotosyntesen, som produserer all maten for planter og dyr, og dermed er grunnlaget for alt liv på jorda. Lufta i vår tid er så sveltefora på CO2 at gartnaren bruker opp til det firedobbelte med CO2 i veksthusa for å få gode avlingar. I middel dei siste 600 mill. år har det vore sju gonger så mykje CO2 i lufta som no, 2660 ppm i forhold til 380. Kvifor lagar ikkje regjeringa påbod om bruk av gassmasker i veksthusa, når CO2 er så farleg og giftig? Eller er det berre prat og retorikk denne gongen også?

Kristin Halvorsen meinte kanskje at ho ville ta vare på klimaet, då ho sa miljøet? Saman med mange andre ser ho visst ingen skilnad på miljø og klima, og det er ei svært grov misforståing. Klimaet er det lite å gjera med. Med 380 ppm i lufta bruker CO2 heile kapasiteten sin og yter eit tilskot til drivhuseffekten på 1,6 % med å absorbere varmeutstråling frå jorda. Ekstra utslepp av CO2 har ingen påviseleg effekt på klimaet. Det hjelper ikkje å redusere CO2-mengda heller, for 100 ppm har også full kapasitet. Det skumle med 100 ppm er at så CO2-fattig luft kom til å ta livet av dei fleste planter, i alle fall matplantene. Dei vanlege påstandane frå politikarar ved IPCC og deira medløparar er heldigvis feil. I naturen er det naturkreftene som styrer, og ikkje politikarar. Det er berre å ta til etterretning.

Me har inga klimakrise meir enn før. Dei naturlege klimaendringane må me lære oss å leva med og gardere oss imot. Det uheldige er at fokuset på miljøproblema har vore fråverande så lenge pga. den innbilte klimakrisa, at miljøkrisa har blitt verre og verre. Då er det for gale at Statoil på 13 år har brukt 40.000 mill. kr på deponering av CO2 på Sleipnerfeltet, og at det skal brukast nye 50.000 mill. kr til reinseanlegg for CO2, sjølve livsgassen på jorda som er så gunstig for alt som veks og gror, og dermed for miljøet. Det må vera statleg sløseri på sitt aller verste, ikkje berre unyttig, men til skade for vegetasjon og miljø.

Per Engene, biolog og stiftar av organisasjonen Klimarealistene